tirsdag 20. september 2011
Jaromes
mandag 16. mai 2011
Konfirmasjonsmeny
Kaker
Kransekaka
lørdag 12. februar 2011
Jentemiddag
Sjokoladepuddingen er heimelaga og er bestemor si "hemmelige" oppskrift. Eg burde hatt oppi lit meir maisena. Tiltross for feil konsistens smaka den veldig godt.
onsdag 22. desember 2010
"Reste" meny
onsdag 27. oktober 2010
I tillegg til å laga og eta all denne gode maten fekk me tid til å høyra på lillesøster mi spela i ein emsamble konkurranse for korps, shoopa, opera og kvilteutstilling.
søndag 5. september 2010
5 rettes middag
Laksen har fått på seg griljermjøl, ved hjelp av å dyppa den i egg og litt sitron, før den blei dekka med griljermjøl som eg hadde oppi litt salt og pepar og blei steikt i middels varm panna, i godt med smør.
Potetene er frå invandrarbutikken og har eit flott navn, trur da starte på a, men ka det er, komme eg tilbake til. Potetene er små, og eg dele dei i to og har dei oppi langpanna samen med gullerøter og heile sjarlottløk. Steikes i ein liten time på 225 gr.
Salaten består av: eikesalatblad, mais, cherry tomater, sukkererter, oliven, soltørka tomater og litt paprika. Ett resultat av det eg fant i kjøleskapet.
Kvilerett
Etter middagen, hadde eg ein kvilerett, som skulle vara eit frampeik mot deseren. Med noko litt salt og litt søtt. Ein kan også kalla det ein "plukkerett", og det kan jo passa bra når ein begynne å bli ganske mett. Og retten består av sjokoladeglaserte solsikkefrø (oppi skåla) og fatina snacks. Alt fås på invandrarbutikka, og sistnevnte er salt.
Snickers kakaEi kaka eg har hatt lyst å laga lenge. Eg laga 1/2 oppskrift (den som står her), men når eg ser ka som er igjenn etter å hatt den framme både på fredag og i går, kunne eg laga 1/4 oppskrift. Ei god kaka, men den er mektig.
Botn:
175 gr smør, 3 dl sukker, 75 gr oboy eller kakao, 0,5 dl sirup (eller ca 3 ss), pittelitt salt, 3 egg, 90 gr mjøl, 100 gr sjokolade, 150 gr cashewnøtter (eg brukte pianøtter, var ein god erstattar viss du har noken liggande).
Pisk smør og sukker lyst og luftig. Bland inn oboy, sirup og salt. Tilsett ett og ett egg om gongen og rør godt. Vend inn mjøl, sjokolade og nøttene.
Ha bakepapir i botn av forma, ha oppi røra og steik på midterste rille på 175 grader i 25 min.
Krem:
3 ss peanøttsmør, 3 ss smør, 3 ss melk, 250 gr melis, 75 gr cashewnøtter til pynt oppå.
Bland samen alle ingrediensane og smør det på kaka. Sett kaka kald.
Og litt om gjennomføringa og "logistikken" rundt middagen. Med relativt lite kjøkken, og kjøkkenbenken 0.5 m frå spisebordet, måtte det planleggast for å få det til å gå opp og att det ikkje skulle sjå "bomba" ut.
Kakebotn laga eg tidligare på dagen, så 3 tima før gjestene kom starta eg med å laga fyllet og fekk kaka ferdig og sette den i kjøleskapet. Så blei lefsene lagt i plaut, og mens dei låg laga eg salaten og så "smurte" eg lefsene og la dei i kjøleskapet. No dekka eg bordet, og det såg ut som på bildet under, mao heilt ferdig til servering av middagen. Neste trinn var middagen. Grønnsakene blei hakka og lagt i langpanna og fisken steikt. Eg hadde ei lita ildfast skål oppi langpanna, slik at eg kunne legge fisken oppi der etterkvart som den blei ferdig. Aperitiffen blei laga, og lefsene skåren opp. Eg rydda underveid, og ti min før gjestene kom, sette eg meg ned og pusta i magen og slappa av litt .
Kaka blei inntatt i sofaen. Her med både duk og service frå bestemor. Legge ein litt godvilje til kan ein kalla det retro.
Eg ser tilbake på ein kjekk kveld med besøk, og er ikkje blitt avskremd av 5 rettes middag. No skal me på Åpent bakeri og eta frukost, ein kjekk ting å ta folk med på, og ganske avslappande i forhold til 5 rettes middag.
Ha ein fin søndag!
onsdag 25. august 2010
Tre retters
tirsdag 13. juli 2010
3 dagars meny
Planen var å laga alt oppi ei skål, men fant fort ut at skåla var for liten. Så eg la opp 5 porsjonar. Ein kan laga god mat, men det har mykje å sei korleis ein legge den på tallerken.
Og her er skåla:
Og til deser: